Når klokka ringjer 
for fyrste timen,
ligg skuleplassen att
som eit konkret dikt.
 
Tett trakk av gruppor
framfor inngangen
sakleg dryftande
månerakettar
og sekundar i St.Moritz.
 
Halvferdige snømenner
stend att
etter dei minste.
 
Rundt veggene far
etter einstødingar,
der stod han og ho.
 
På uthusveggen
ei spræne av snøballar,
ei knust rute på do,
yver døri til styraren
eit svivyrdsleg kast.
 
Bokstavar i snøen:
Solveig + Knut,
Åse + -- han rakk
å strjuka det ut.
 
Ute på plassen
bol etter slagsmål,
dropar av naseblod
og ein grøn vott